![]() |
![]() |
BakgrunnMenota TVB er eit prosjekt som har utvikla og tilpassa ein XML-basert kodingsstandard for elektroniske mellomaldertekstar, bygd opp rammene for ein ordbank og arbeidd med tekstmateriale frå Heimskringla. Prosjektet har i hovudsak vore finansiert av Norges forskningsråd (NFR), men har også fått bidrag i form av eigeninnsats frå Enhet for digital dokumentasjon (tidl. DOK-gruppa) i Oslo, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitetet i Oslo, Mellomaldersenteret i Oslo, og Universitetsbiblioteket i Bergen. Prosjektet vart igangsett 01.01.2003 og skulle etter planen gå fram til 31.12.2005. Det vart forlenga med eitt år fram til 31.12.2006. Prosjektskildring og sluttrapport
Prosjektet Menota TVB vart avslutta 31.12.2006 etter fire års drift. Sluttrapporten vart utarbeidd ein månad seinare og send til NFR. Hovudrapporten kan lesast her:
Sluttrapporten konkluderer med at med nokre mindre unntak vart alle dei oppsette i prosjektet oppfylte, og på fleire viktig punkt nådde prosjektet lenger enn planlagt då søknaden vart skriven i 2002. Sjølv om det NFR-finansierte prosjektet Menota TVB no er avslutta, går arbeidet vidare innanfor rammene av Medieval Nordic Text Archive (www.menota.org). The Menota handbook
Den versjonen av handboka som ligg på BORA, er den som vart lagt ut per 5. mai 2004 (v. 1.1). Den versjonen som ligg på serveren ved Aksis, er oppdatert på nokre punkt, særleg gjeld dette DTD (Document Type Definition). Her er også lenkje til versjon 2.0 av handboka, som no er under arbeid og skal vere publisert i byrjinga av 2007. Metainformasjon i Menota
Gjennom The Menota handbook gir Menota-prosjektet råd og rettleiing om korleis mellomaldertekstar kan kodast, men spørsmålet om korleis elektroniske tekstar skal knytast opp til katalogar og bibliografiske ressursar er ikkje omtalt i denne handboka. Dette spørsmålet blir utgreidd i eit notat av Rune Kyrkjebø ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Mellomalderfontar i Menota Nordiske mellomaldertekstar har eit stort repertoar av spesialteikn. Å normere bruken av slike teikn er ei viktig oppgåve for utgjevinga av mellomaldertekstar, og i prosjektet Menota TVB har dette vore koordinert med arbeidet i Medieval Unicode Font Initiative (www.mufi.info). I slutten av 2006 publiserte MUFI ei tilråding om bruk av slike teikn i forhold til Unicode-standarden. Denne tilrådinga er fullt ut kompatibel med teiknkodinga i The Menota handbook. Nytt
|
ProsjektorganisasjonProsjektleiar ProsjektgruppeForskergruppe for tekstteknologi ProsjektadministrasjonAdministrativ stab ved Aksis Medarbeidarar i BergenVemund Olstad
Johan Utne Poppe (inntil 01.06.2004) Paul Meurer (frå 01.01.2005) Medarbeidarar i OsloChristian-Emil
Ore Lenker
|
Formidling i prosjektperiodenResultata frå prosjektet blir for ein stor del formidla i elektronisk form. Det skjer dels i form av utgjevingsregulativet The Menota handbook med tilhøyrande ressursar (m.a. ein Document Type Definition utvikla for koding av mellomalderlege tekstar), gjennom nettsidene til Medieval Nordic Text Archive (herunder dei søkjesidene som er oppretta for Barlaams saga), og gjennom nettsidene til Medieval Unicode Font Initiative (herunder sidene for fontutvikling). Utover dette vil resultat frå prosjektet bli formidla gjennom innlegg på faglege møte, symposium og kongressar, og gjennom publisering i trykt form eller i elektronisk form med permanent lokalisering (persistent URL). Lista nedanfor omfattar slike publikasjonar og bidrag på nordiske og internasjonale samlingar.
|
|
Oppretta 12.01.2003 av OEH. Sist oppdatert 01.02.2007 av OEH. |